
2019 Jostedalsrypa - Figurteatermusical av Maria Tryti Vennerød og Julian Skar
Alle foto : David Zadig
Medvirkende:
Dramatikar : Maria Tryti Vennerød
Komponist : Julian Skar
Regissør : Torkil Sandsund
Scenograf : Tormod Lindgren
Kostyme- og dokkedesignar : Dordi Strøm
Musikalsk leiar og repetitør : Kåre Sandvik
Koreograf : Jon Werede Hope
Lysdesign : Krystian Myska
Dramaturg : Bodil Kvamme
Medverkande :
Reidun Melvær Berge, Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen, Oda Kirkebø Nyfløtt, Eirik Risholm Velle,Per Arne Løset
Musikarar: Stig Rennestraum, Matias Monsen, Arne Toivo Sandberg og Miriam Bergset
I Sogn og Fjordane er vi godt kjende med segna om Jostedalsrypa. Jenta overlever Svartedauden som tar livet av meir enn annankvar nordmann midt på 1300-talet. Heilt åleine må ho klare seg gjennom vinteren, og innan ho blir funnen neste vår, er ho blitt skjerr som eit vilt dyr. Korleis overlever ho? Og kvar tar ho motet ifrå?
Eventyrmusikalen Jostedalsrypa er inspirert av segna, men tar oss med vidare inn i ei eventyrleg og magisk musikalsk verd. Den heltemodige jenta Rypa ber forteljinga på dei spinkle skuldrene sine, og det heile er pakka inn i melodiøse poplåtar. Jostedalsrypa er Norges svar på Jungelboka. Musikalen handlar om korleis ei jente finn motet og kreftene til å overleve utan andre menneske gjennom ein lang og kald vinter. I den mørkaste timen, når ho trur at ho er heilt åleine, viser det seg at ho har vener som ho ikkje visste om.
"For selv med kropper som smuldrer, mennesker som settes fyr på og dødsangst i setet, iallfall for de minste, så er også dette en veldig koselig musikal. De bryter ut i sang, både til glede og desperasjon. Og det er ikke lettvinte vendinger og umiddelbare hits som serveres, men sanger som sakte, men sikkert vokser på en fremført av et fempersons orkester. Det er dynket i strykere, som bidrar til å gjøre det ekle virkelig ekkelt, og det sentimentale enda søtere.
For til tross for noen mangler er det gledelig at unge kan oppleve noe så sjeldent som en nyskrevet musikal som tar sikte på å utfordre og åpne for vanskelige diskusjoner.
Det er en veldig velfungerende miks av dukker og mennesker. Tormod Lindgrens hvite scenografi er en estetisk perle, samtidig som den er virkningsfull og gir skuespillerne mange nivåer å spille på. Torkil Sandsunds regi er også spretten, både når det gjelder menneskene og dukkene og det er alltid masse bevegelse i scenebildet. "
Charlotte Myrbråten - Shakespeartidskriftet
Regissør Torkil Sandsund får angsten for å vere åleine til å gjennomsyre handlinga. Enn om ho er den einaste som har overlevd i heile verda? Segna om Jostedalsrypa har klare liner til dagens dystopi- og framtidslitteratur med miljøkollaps og ekstreme klimaendringar som bakteppe. Kva meir er det å leve for når alle andre er borte? Det er ho som allereie er død som held ho oppe. Det er denne overlevingskrafta frå Tippolde som gjer at ho likevel går vidare, godt hjelpt av naturen sjølv, enda so ugjestmild den kan vere.
Jostedalsrypa er solid handverk, djupt alvor vekslar med herleg humor, men framsyninga er i skumlaste laget for den yngste målgruppa. Det er synd, for her er mykje fint for dei også.
http://www.scenekunst.no/sak/varme-og-villskap/
Spillesteder:
Sogn og Fjordane Teater